Alle oppskriftene

Oppskrift
Rørt Knubbost med bakte tomatar
Ein enkel smårett frå ost- og vinsmakinga vår. Knubbosten blir rørt luftig med litt kremost og honning, og dei bakte tomatane kjem varme over. Server med mysebrau eller anna flatbrød til å dyppe med.
- Til
- 4 personar som smårett
- Tid
- 30 minutt
Ingrediensar
Bakte tomatar
- 1 boks cherrytomatar (om lag 250 g)
- 2 kvitlauksfedd
- 2 ss olivenolje
- Salt, pepar og fersk basilikum
Rørt Knubbost
- 200 g Knubbost naturell
- 3 ss Kremost med kvitlauk
- 1 ss honning
- 2 ss olivenolje
- Mysebrau eller anna flatbrød til servering
Slik gjer du
- Set omnen på 200 °C.
- Legg tomatane og kvitlauken i ei ildfast form, drypp over olivenolje, krydre med salt og pepar og strø over litt basilikum. Bak til tomatane har sprokke, om lag 20 minutt.
- Køyr Knubbost, kremost, honning og olivenolje i ein foodprosessor eller med handmiksar til det er luftig og jamt.
- Smør den rørte osten utover eit fat, legg dei varme tomatane over og server med flatbrød.
Tips
Rist mysebrauet lett i omnen dei siste minutta, så blir det ekstra sprøtt.
Varene i oppskrifta
Fleire oppskrifter

Bakt paprika fylt med Knubbost og urter
Raud paprika fylt med Knubbost og friske urter, bakt mjuk i omnen.

Kremet pasta med Stavsfjell 3 månader
Pasta i ein enkel fløytesaus med ung Stavsfjell, kvitlauk og pepar.

Laks med kremost og sitron
Ovnsbakt laks med Kremost med kvitlauk og sitron. Kremosten smeltar til ein saus i forma.

Panna cotta med bronostkaramell
Mild panna cotta med vanilje, toppa med karamell laga på Bronost.


