
Knubbost
Feta på geitemjølk
frå 135 krPris i butikken vår på Rauland
Knubbost er svaret vårt på fetaost. Han er laga på geitemjølk og ligg tre dagar på modningsrommet før han blir pakka. Smaken er mild og frisk, med lett syre og litt salt, og osten er mjuk og smuldrete.
Han passar i salatar, til grønsaker, på tapasbordet og i varme rettar, til dømes i bakt paprika med urter.
Variantar og prisar
135 kr per glas
Knubbost i glasKutta i bitar og lagd i krydra rapsolje med paprika, kvitlauk, peppermix, litt tørka tomat og persille. Held seg godt i tre månader.
365 kr/kg
Knubbost naturellRik på smak, syrleg og med eit hint av salt.
445 kr/kg
Knubbost naturell, lagra 24 månaderPå Kypros er det vanleg å lagre denne osten lenge. Me har prøvd det same, og fått ein ost med meir djupne.
Bronse i World Cheese Awards 2025
Om vara
- Mjølk
- Geit
- Pakning
- Glas på 370 ml, eller naturell i vakuum
- Oppbevaring
- Kjølevare. Uopna held glaset seg i tre månader.
Medaljar
Bronse, World Cheese Awards 2025 i Bern (naturell, lagra 24 månader)


Her får du tak i vara
Alle varene våre finn du i butikken på Lega i Rauland. Mange av dei finst òg i butikkar rundt om i landet.



