Sjaven er ein ung kvit geitost med bukkehornkløver. Han er lagra i ein månad, og smaken er mild og rund, der bukkehornkløveren kjem tydeleg fram.
Me prøvde lenge med karve, paprika og bukkehornkløver i den kvite osten. Bukkehornkløveren vart Sjaven, og dei andre smakane fekk Hjuring, så det er lett å skilje ostane frå kvarandre.
Sjaven passar som pålegg, i salatar og på ostefatet.
Om vara
Mjølk
Geit
Lagring
1 månad
Oppbevaring
Kjølevare, 0 til 4 °C.
Her får du tak i vara
Alle varene våre finn du i butikken på Lega i Rauland. Mange av dei finst òg i butikkar rundt om i landet.