Alle oppskriftene

Oppskrift
Laks med kremost og sitron
Ein enkel middag i éi form. Kremosten med kvitlauk smeltar over laksen i omnen og blir til ein saus saman med sitronsafta. Retten står på lista vår over hovudrettar til selskap.
- Til
- 4 personar
- Tid
- 30 minutt
Ingrediensar
- 4 laksefiletar, om lag 600 g
- 1 beger Kremost med kvitlauk (250 g)
- 1 sitron
- Salt og pepar
- Fersk dill
- Kokte poteter og ein grøn salat til
Slik gjer du
- Set omnen på 200 °C.
- Legg laksen i ei smurd ildfast form og krydre med salt og pepar.
- Riv skalet av halve sitronen og rør det inn i kremosten saman med safta frå den same halvdelen.
- Smør kremosten over laksen og legg nokre sitronskiver i forma.
- Bak i 15 til 18 minutt, til laksen akkurat er gjennomsteikt. Strø over dill og server med poteter og salat.
Tips
Laksen er ferdig når han flakar seg lett, men framleis er saftig i midten.
Varene i oppskrifta
Fleire oppskrifter

Panna cotta med bronostkaramell
Mild panna cotta med vanilje, toppa med karamell laga på Bronost.

Raclette med Heimros
Smelta Heimros over varme poteter, med spekeskinke og sylteagurk. Treng ikkje raclettegrill.

Surmjølksvaflar med prim
Mjuke vaflar baka med Surmjølk frå geit, med søt prim på.

Salat med Sjaven, pære og valnøtter
Grøn salat med Sjaven i bitar, fersk pære, rista valnøtter og ein enkel honningdressing.
