Alle oppskriftene

Oppskrift
Raclette med Heimros
Heimros er ein gouda på kumjølk frå Vehus, og han smeltar godt. Difor passar han til raclette. Har du ikkje raclettegrill, smeltar du osten i omnen og skrapar han over potetene.
- Til
- 4 personar
- Tid
- 35 minutt
Ingrediensar
- 1 kg små poteter
- 400 g Heimros, i skiver
- 150 g spekeskinke
- 1 glas sylteagurk
- Syltelauk (valfritt)
- Nykverna pepar
Slik gjer du
- Kok potetene møre i lettsalta vatn, om lag 20 minutt. Hald dei varme med lok på.
- Set omnen på grill. Legg osteskivene på ei plate med bakepapir, eller i små ildfaste former.
- Smelt osten øvst i omnen til han bobler, om lag 3 til 5 minutt. Følg med, det går fort.
- Del potetene, skrap den smelta osten over og kvern over litt pepar. Server med spekeskinke, sylteagurk og syltelauk.
Tips
Lagra Heimros gjev ein kraftigare smak. Ung Heimros smeltar mjukast.
Varene i oppskrifta
Fleire oppskrifter

Surmjølksvaflar med prim
Mjuke vaflar baka med Surmjølk frå geit, med søt prim på.

Salat med Sjaven, pære og valnøtter
Grøn salat med Sjaven i bitar, fersk pære, rista valnøtter og ein enkel honningdressing.

Toast med Hjuring og skinke
Sprø toast steikt i panna, med smelta Hjuring med paprika og kokt skinke.

Quattro formaggi på pizzabotn
Kvit pizza med fire ostar frå Lega, pære og valnøtter, slik me lagar han i kafeen.
