Alle oppskriftene
To toastar med smelta Hjuring og skinke, delte i to på ei skjerefjøl

Oppskrift

Toast med Hjuring og skinke

Hjuring er ein mild og luftig gulost på kumjølk frå Vehus, og han smeltar fint. Me lagar han naturell, med karve og med paprika. I ein toast er alle tre gode, men paprikaen gjev litt ekstra smak.

Til
2 personar
Tid
15 minutt

Ingrediensar

  • 4 skiver loff eller grovbrød
  • Smør
  • 150 g Hjuring med paprika, i skiver
  • 4 skiver kokt skinke

Slik gjer du

  1. Smør brødskivene tynt på den eine sida.
  2. Legg to skiver med smørsida ned og fordel ost og skinke på. Legg dei to andre skivene over med smørsida opp.
  3. Steik toasten i ei panne på middels varme, om lag 3 minutt på kvar side. Trykk lett med ein stekespade.
  4. Toasten er ferdig når brødet er gyllent og osten har smelta. Del han i to og server med ein gong.

Tips

Steik på middels varme. Er panna for varm, blir brødet brunt før osten har smelta.

Varene i oppskrifta

Fleire oppskrifter

Toast med Hjuring og skinke | Lega Ysteri og Bakeri