Alle oppskriftene

Oppskrift
Salat med Sjaven, pære og valnøtter
Sjaven er ein ung, kvit geitost med bukkehornkløver, og han passar i salatar. Pæra er søt og frisk, og bukkehornkløveren gjev salaten ein mild, nøtteaktig smak som passar til valnøttene.
- Til
- 4 personar som forrett
- Tid
- 15 minutt
Ingrediensar
Salat
- 150 g blandasalat og ruccola
- 1 grøn pære
- 150 g Sjaven
- 1 neve valnøtter
Dressing
- 3 ss olivenolje
- 1 ss eplecidereddik
- 1 ts honning
- 1 ts sennep
- Salt og pepar
Slik gjer du
- Rist valnøttene i ei tørr panne til dei duftar, og la dei kjølne.
- Rør saman olje, eddik, honning og sennep, og smak til med salt og pepar.
- Skjer pæra i tynne båtar og osten i små bitar.
- Legg salaten på eit fat, fordel pære, ost og valnøtter over og drypp over dressingen rett før servering.
Tips
Skjer pæra rett før servering, elles blir ho brun.
Varene i oppskrifta
Fleire oppskrifter

Toast med Hjuring og skinke
Sprø toast steikt i panna, med smelta Hjuring med paprika og kokt skinke.

Quattro formaggi på pizzabotn
Kvit pizza med fire ostar frå Lega, pære og valnøtter, slik me lagar han i kafeen.

Grøn pasta med Knubbost
Ovnsbakte grønsaker og Knubbost køyrt til ein grøn saus med spinat og basilikum. Alt i eitt fat.

Ovnsbakt Knubbost-pasta med bacon
Knubbost og cherrytomatar bakt mjuke i omnen, rørt saman til ein kremet saus med sprøsteikt bacon.
