Alle oppskriftene
Ostar, spekeskinke, eple og tomat på eit glasfat, med flatbrau og brød bak

Oppskrift

Lokalmatfjøl

Lokalmatfjøla i kafeen er utvalde norske ostar, skinke og flatbrau. Det er ikkje ei oppskrift du må følgje til punkt og prikke, men slik me pleier å setje henne saman. Vel ostar med ulik alder og mjølk, så får du både milde og kraftige smakar på same fjøl.

Til
4 personar
Tid
15 minutt

Ingrediensar

Ostar

  • 100 g Stavsfjell, gjerne lagra i 12 eller 24 månader
  • 100 g Heimros
  • 100 g Sjaven
  • ½ glas Knubbost i olje

Til

  • 100 g spekeskinke
  • 1 grønt eple
  • 8 cherrytomatar
  • 1 pose Ølbrau
  • Nokre skiver grovt brød
  • Fersk basilikum til pynt

Slik gjer du

  1. Ta ostane ut av kjøleskapet ein halvtime før servering, så kjem smaken betre fram.
  2. Skjer Stavsfjell og Heimros i tynne skiver eller trekantar, og Sjaven i bitar.
  3. Legg ostane utover eit stort fat eller ei fjøl. Ta Knubbosten opp av glaset og legg han i ein haug for seg.
  4. Rull spekeskinka, skjer eplet i båtar og del tomatane. Legg alt inn mellom ostane.
  5. Bryt Ølbrauet i store bitar og legg det ved sida av saman med brødet. Pynt med basilikum.

Tips

På ost- og vinsmakinga vår drakk me kvitvin til Knubbosten og rosévin til Stavsfjell 3 og 6 månader. Sjaven, Heimros og Stavsfjell 12 månader fekk musserande, og til Stavsfjell og Heimros lagra i 24 månader passa raudvin.

Varene i oppskrifta

Fleire oppskrifter

Lokalmatfjøl | Lega Ysteri og Bakeri