Alle oppskriftene
Pastasalat med tomat, avokado og bacon, toppa med kvit dressing og balsamico, på eit trefat i sola

Oppskrift

Pastasalat med Knubbost i olje

Ein pastasalat me laga ein solrik dag i august. Knubbosten kjem rett frå glaset, og ein skvett av den krydra oljen han ligg i gjev smak til heile salaten. På toppen kjem ein klatt urtedressing og litt balsamico.

Til
4 personar
Tid
30 minutt

Ingrediensar

Salat

  • 300 g pastaskruer
  • 150 g bacon
  • ½ isbergsalat
  • ½ agurk
  • 1 avokado
  • 200 g cherrytomatar
  • 1 glas Knubbost i olje

Dressing

  • 3 dl rømme
  • 1 pose dressingmiks med urter, eller 2 ts tørka urter
  • Balsamicokrem til slutt

Slik gjer du

  1. Kok pastaen i lettsalta vatn etter tida på pakken. Skyl han i kaldt vatn og la han renne godt av.
  2. Steik baconet sprøtt i ei panne, la det kjølne og del det i bitar.
  3. Skjer salaten i strimlar og agurk, avokado og tomatar i bitar. Legg grønsakene i ein stor bolle.
  4. Ha i pastaen og baconet. Ta Knubbosten opp av glaset med ei skei, strø han over og vend inn ein skvett av oljen.
  5. Rør rømma saman med dressingmiksen eller urtene.
  6. Server salaten med ein klatt dressing og litt balsamicokrem over.

Tips

Skal salaten stå ei stund før han blir eten, kan du vente med dressingen og setje han på bordet ved sida av.

Varene i oppskrifta

Fleire oppskrifter

Pastasalat med Knubbost i olje | Lega Ysteri og Bakeri