Alle oppskriftene
Pizza med kjøtdeig, raudlauk og tomat på ei pizzaspade framfor steinomnen i kafeen

Oppskrift

Lega-pizza med geitekjøt og raudlauk

På menyen i kafeen heiter denne pizzaen berre Lega. Kjøtet er av geit, og du vel sjølv om osten skal vere av geit eller ku. Stavsfjell er geitosten vår og Heimros er laga på kumjølk frå Vehus. I kafeen steikjer me han i steinomnen, men han blir god i ein vanleg omn òg.

Til
2 pizzaer
Tid
25 minutt

Ingrediensar

  • 2 pizzabotnar frå Lega
  • 200 g kjøtdeig av geit
  • 1,5 dl tomatsaus
  • 150 g Stavsfjell eller Heimros, riven
  • 1 raudlauk, i tynne ringar
  • 6 cherrytomatar, delte i to
  • Salt og pepar

Slik gjer du

  1. Set omnen på 200 °C.
  2. Brun kjøtdeigen i ei panne og smak til med salt og pepar.
  3. Hald botnane under rennande vatn og fukt begge sider. Rist av vatnet og legg dei på ei plate med bakepapir.
  4. Smør tomatsausen utover og strø over osten. Fordel kjøtet, raudlauken og tomatane over.
  5. Steik pizzaene i 8 til 10 minutt, til osten har smelta og kanten er gyllen.

Tips

Får du ikkje tak i kjøt av geit, kan du bruke kjøtdeig av lam.

Varene i oppskrifta

Fleire oppskrifter

Lega-pizza med geitekjøt og raudlauk | Lega Ysteri og Bakeri