Alle produkta
Pizza på takkesteikt botn i vedomnen i kafeen

Pizzabotn

Takkesteikte pizzabotnar, fire i pakken

139 kr per pakkePris i butikken vår på Rauland

Pizzabotnane våre blir steikte på takke. Det gjev ein tynn og sprø botn med både norsk og italiensk preg. Dei ferske botnane brukar me i kafeen, og resten legg me til tørk i eit døgn. Då held dei seg i åtte månader utan at det går ut over smaken.

Me sender pizzabotnar til kundar over heile Noreg, og olivenolja i deigen kjem frå Uliveti Castel San Martino, som òg held til i Vinje.

Slik gjer du

Hald botnen under rennande vatn og fukt begge sider. Rist av vatnet og legg han på ei steikeplate med bakepapir.

Legg på det du vil ha, og steik pizzaen på om lag 200 °C til osten er smelta eller litt brun.

Forslag: tomatpuré, spekeskinke, ruccola og litt Stavsfjell med riven mozzarella. Eller crème fraîche, røykelaks og kapers.

Om vara

Innhald
Kveitemjøl, vatn, ekstra virgin olivenolje, salt og gjær.
Pakning
4 botnar, 400 g
Allergen
Kveite (gluten). Kan innehalde spor av mjølk og nøtter.
Oppbevaring
Tørt. Held seg i åtte månader.
Pizzabotnar som stikk opp av posen
Pizzabotnar blir kjevla ut i bakeriet

Her får du tak i vara

Alle varene våre finn du i butikken på Lega i Rauland. Mange av dei finst òg i butikkar rundt om i landet.

Meir frå bakeriet

Pizzabotn | Lega Ysteri og Bakeri