Alle oppskriftene

Oppskrift
Bruschetta med ost og skinke
Bruschetta med ost og skinke står på menyen i kafeen. Der bruker me myserundstykka våre, som er baka med myse frå ysteriet. Tomatane ligg under osten og blir varme og saftige i omnen, og skinka og basilikumen kjem på til slutt.
- Til
- 2 personar
- Tid
- 20 minutt
Ingrediensar
- 2 myserundstykke frå Lega, eller andre grove rundstykke
- 150 g cherrytomatar
- ½ raudlauk
- 1 ss olivenolje
- Salt og pepar
- 4 skiver Sjaven eller Heimros
- 4 skiver spekeskinke
- Fersk basilikum
Slik gjer du
- Set omnen på 225 °C.
- Del tomatane i fire og hakk raudlauken fint. Bland dei med olivenolje, salt og pepar.
- Del rundstykka og legg halvdelane i ei ildfast form. Fordel tomatane over og legg ei skive ost på kvar.
- Steik til osten har smelta, om lag 8 til 10 minutt.
- Legg på spekeskinka og fersk basilikum og server med ein gong.
Tips
Utan skinke blir det bruschetta med ost, som òg står på menyen.
Varene i oppskrifta
Fleire oppskrifter

Lokalmatfjøl
Ostane våre, spekeskinke, eple og flatbrau på ei fjøl, slik me set henne saman i kafeen.

Pastasalat med Knubbost i olje
Pastaskruer, sprø salat, avokado og bacon med Knubbost rett frå glaset, toppa med urtedressing og balsamico.

Pizza med spekepølse og ruccola
Raud pizza på Lega-botn med spekepølse, riven ost, litt pesto og ein god neve fersk ruccola.

Rørt Knubbost med bakte tomatar
Luftig rørt Knubbost med kremost og honning, toppa med varme tomatar frå omnen.

