Våre ostar

Prisvinnande ostar frå geit og ku

Lega cheese selection

Handverksost med tradisjon

På Lega ysteri lagar me prisvinnande ostar av mjølk frå geit og ku. Med landbruksverdiar som grunnlag tek me oss god tid til kvar ost. Tradisjonelle metodar, tålmod og omsorg gir ostar med unike og autentiske smakar som har vunne fleire prisar.

Lega brown cheese

Bronost

Bronosten frå Lega er laga etter gamal tradisjon frå Vinje. Ostane blir produserte på heilfeit, fersk geitemjølk, og har den ljose fargen og milde smaken som bronosten frå Vinje er spesielt kjend for. Dette er ein mjuk og fin bronost som passar godt både på brød, lefse og som tilbehøyr til bakst. Smaken er rund og mild, og gjer bronosten lett å like for både store og små.

Lega artisan cheese

Frå fjell til butikk

Mjølka kjem frå lokale bønder i Rauland-området. Hos oss kan du kjøpe ostane våre, og oppleve smaken av ekte norsk handverksost. Velkomen innom for å prøve og kjøpe!

Stavsfjell white hard goat cheese

Stavsfjell – Kvit hard geitost

Stavsfjell er den kvite, harde geitosten me lagar hos Lega. Osten er laga på geitemjølk og har naturskorpe. Han blir lagra i 3, 6, 9, 12 og 24 månadar, og utviklar smak og karakter etter lagringstid. 3 månadar: Ein mild og fast kvitost med rein og fin smak. Mange samanliknar denne med ein manchego – ein slags norsk fjellheim-manchego. 6 månadar: Osten får meir blomstrete smak og begynner å utvikle krystallar, noko som gir meir djupne og struktur. Har vunne bronse, sølv, gull og supergull. 12 og 24 månadar: Desse variantane liknar meir på parmesan i både smak og konsistens. Kraftig, smakfull og heilt nydeleg som snacks, raspa over pasta eller brukt i matlaging. 24 månadar har vunne sølv. Stavsfjell er ein allsidig ost som passar like godt på ostefatet, brødskiva og til matlaging.

Hjuring yellow cheese

Hjuring

Hjuring er ein mild gulost laga på kumjølk frå Vehus. Osten er luftig i konsistensen og har ein rund og behageleg smak som passar for ein kvar smak. Mange samanliknar han med ein greddost – mild, snill og lett å like. Hjuringen lagar me også med innehall av karve og paprika!

Heimros gouda-style cheese

Heimros

Heimros er laga på kumjølk frå Vehus. Det er ein type gouda med naturskorpe, og osten blir lagra frå 1 månad til 24 månadar. Smaken er frisk og god, og utviklar meir fylde og karakter med lengre lagring. Dei kortlagra variantane er milde og mjuke, medan dei som er lagra lenger får ein meir kraftig og konsentrert smak. Heimros passar godt både på brød, ostefat og i matlaging.

Knubbost feta-style goat cheese

Knubbost

Knubbost er Lega sin variant av fetaost, laga på geitemjølk. Osten er frisk og lett salt, med mjuk og smuldrete konsistens. Knubbost lagar me både naturell og i olje. Knubbost passar godt i salatar, til grønsaker, på tapasbordet eller som tilbehøyr til ulike rettar.

Sjaven cheese

Sjaven

Sjaven er ein geitost lagra i 1 månad, med innhald av bukkehornskløver. Osten har ein mild og rund smak, der bukkehornskløver stikk seg ut og gjev osten ein unik smak. Sjaven passar godt som pålegg, til salatar eller som del av eit ostefat.

Cream cheese with garlic

Kremost med kvitlauk

Kremost med kvitlauk er ein mjuk og smørbar ost med fyldig og god smak laga på geitemjølk. Den milde kremosten blir balansert med kvitlauk, som gir ein frisk og passe kraftig smak. Denne kremen passar perfekt som saus på kvit pizza, som pålegg, dipp eller som tilbehøyr til tapas.

Lega Ysteri og Bakeri | Prisvinnande ost og bakst frå Rauland