
Pizzabotn
Takkesteikte pizzabotnar, fire i pakken
139 kr per pakkePris i butikken vår på Rauland
Pizzabotnane våre blir steikte på takke. Det gjev ein tynn og sprø botn med både norsk og italiensk preg. Dei ferske botnane brukar me i kafeen, og resten legg me til tørk i eit døgn. Då held dei seg i åtte månader utan at det går ut over smaken.
Me sender pizzabotnar til kundar over heile Noreg, og olivenolja i deigen kjem frå Uliveti Castel San Martino, som òg held til i Vinje.
Slik gjer du
Hald botnen under rennande vatn og fukt begge sider. Rist av vatnet og legg han på ei steikeplate med bakepapir.
Legg på det du vil ha, og steik pizzaen på om lag 200 °C til osten er smelta eller litt brun.
Forslag: tomatpuré, spekeskinke, ruccola og litt Stavsfjell med riven mozzarella. Eller crème fraîche, røykelaks og kapers.
Om vara
- Innhald
- Kveitemjøl, vatn, ekstra virgin olivenolje, salt og gjær.
- Pakning
- 4 botnar, 400 g
- Allergen
- Kveite (gluten). Kan innehalde spor av mjølk og nøtter.
- Oppbevaring
- Tørt. Held seg i åtte månader.


Oppskrifter med Pizzabotn

Quattro formaggi på pizzabotn
Kvit pizza med fire ostar frå Lega, pære og valnøtter, slik me lagar han i kafeen.

Lega-pizza med geitekjøt og raudlauk
Pizzaen som ber namnet vårt i kafeen: tomatsaus, kjøt av geit og raudlauk på takkesteikt botn.

Pizza med spekepølse og ruccola
Raud pizza på Lega-botn med spekepølse, riven ost, litt pesto og ein god neve fersk ruccola.
Her får du tak i vara
Alle varene våre finn du i butikken på Lega i Rauland. Mange av dei finst òg i butikkar rundt om i landet.


