Ost i verdensklasse
Lokalmat frå Vinje
Til kassen
Totalt: 0

Logg inn

Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
TOTALT 0,-

Vår historie

Ysteriet starta upp i 2009 på geitegarden, Raundalen, i Vinje kommune. Denne geitegarden hadde tilhøyrande fjellommråde, og om sommaren flyt difor geitane opp til støylen, Nedre Lega. Lega kjem frå ordet, ei lege, altså ein lun og frodig stad som dyr og menneskje ofte søkjer ly i.

Her på 930 meters høgd over havet er er det saftig og godt fjellbeite. Støylsdrift har det vore lenge på Lega, truleg i fleire hundre år. På 1800-talet var det folk frå dei midtre Telemarksbygdene, som var eigarar av beitet, og drog dit opp med krøtera sine sommarstid. Lega ligg fritt og solrikt til opp mot Skinnuten og Solbjørfjellet. Utsynet mot fjella ikring er storfelt, med den ruvande Vehuskjeringi som eit kjenneleg landemerke i vest. Her inne finn ein og den gamle støylsgrenda Brannkvålen, rik på segner og folkeminne.

No i dag har ysteriet vokst seg ut av garasjen på garden, Raundalen, og er å finne i eit nytt større bygg på Rauland i Vinje kommune. Verdiane frå landbruket ønskjer Lega å ta med seg inn i ysteri, bakeri og butikkdrift. Vel møtt!