Ost i verdensklasse
Lokalmat frå Vinje
Til kassen
Totalt: 0

Logg inn

Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
TOTALT 0,-

Om oss

Lega er eit ysteri og bakeri med kafe og butikkutsal på Rauland i Vinje kommune. Her får du tak i Lega sine produkt og andre lokalmatprodusentar sine. Lega ligg rett ved fine tur- og skiområde i sentrum. 

Med hjarte til geita
Ysteriet til Lega starta upp på ein geitegard i 2009 og har naturlegvis geita i sentrum.

Geita er vårt utgangspunkt i alt me driv med. Me ystar harde, prisvinnande ostar med naturskorpe på geitemjølk og kumjølk. Me brukar myse (restavfall frå ystinga som er kjempegodt) i det meste som blir baka, og geitemjølk i dei gode kanelsnurrane.

Gründeren, Gro
Gro er gründeren og ildsjela på Lega. Ho starta upp ysteriet året 2009 på garden, Raundalen. Bakeriet kom som eit resultat av "dautid" ved kokinga til bronosten. Prosessen med bronosten tek fleire timar, og dette hadde ikkje gründeren, Gro, tid til å vente på. Som eit resultat blei den takkestekte pizzabotn frå Lega oppfunne i bakeriet.

Lega i dag
No har ysteriet og bakeriet vokst ut av dei opprinnelege lokala og er i eit nytt bygg på Rauland i Vinje kommune. Son av Gro har tatt over geitegarden, men det er framleis frå denne garden me får mjølk. Tine leverar mjølk til oss tre dagar i veka. Ein av dagane kjem kumjølk til den kvite lagra kumjølksosten vår, Heimros.

Lega har sju faste arbeidsplassar, men over 10 årsverk rekna med alle ekstratilsette som arbeider i kafeen. Ungdommar i alderen 14-30 år arbeider her hos oss. Dei ekstratilsette som arbeider her er enten skuleungdom på ungdomsskulen, studentar på vidaregående som kjem heim i feriar, og studentar frå Universitetet her på Rauland. Så mange som 25 ekstra er på lista for at kveldar, helger og feriar skal gå upp. Lega ønskjer å vera ein kompetansehevende stad og har difor hyppige kurs innan ysting, kaffe med meir. Det er kjempeviktig for Lega å vera ein trygg, inkluderande og framsynsretta arbeidstad.

I bygget er det ein butikk- og kafedel som sel pizza, brød, bakevarer og mange andre gode varer frå Lega og andre. Pizzaomnen er hjertet på Lega og gjev ein ekstra god smak på alle produkt som du kan nyte her eller ta med deg heim. Geitekjøttdeig og geitost blir bruka på pizzaen, og alt er håndlaga av oss, eller bestilt frå andre små produsentar som oss. Me er opptatt av kvalitet i alle ledd og ønskjer å påpeke at me har henta inn dei beste av dei beste varene som me meiner er i Noreg.

Prisvinnande produkt
Ostane til Lega har mellom anna vunne ein supergull-, ein gull- og ein syldiplom i World Cheese Awards. Stavsfjell, Heimros og Knubbost kan minne om ostetyper som Manchego, Parmesan, Peccorino, Feta, lagra Gouda med fleire.

Kom innom på ein pizza og kaffe i kafeen vår!