Ekte geitost
Fjellost frå LEGA er ein ekte geitost produsera av fersk geitemjølk etter gamal oppskrift og tradisjon.
Kjend for den ljose fargen og milde smaken. Ekte geitost passar særs godt på brødskiva, i sausar og andre matrettar eller på eplekaka.
Leverast i ulike storleikar og forpakningar.
Godkjent spesialitet. Matmerk.no
Tradisjonell bordpakning 1/2 kg, 1 kg, 2 kg, og 5 kg.
Ferdig oppskiva.
Kan også leverast som gåvepakning.
Om geitost tradisjon i Øyfjell
Tradisjonsberarane
Geitosten eg produserar er ein lokal variant frå Øyfjell. Eg har lært å lage osten av Agnes Trovatn som har lært av svigerinna si, Imma Trovatn på Brekke i Øyfjell. Imma hadde ystekunnskapen frå mor si att, Aslaug Mo, fødd Brekke. Det er moro å kunna tilby ein ost som har ei så lokal soge. I Øyfjell skal brunosten frå geit vere ljos og feit, men mild på smak. Etter mykje prøving og feiling har eg greidd å få det til.

Gro Hommo, Agnes Trovatn og Imma Trovatn

Med Dyrsku osten 2011. Foto: Kjersti Kaasa VTB
Frå fersk geitemjølk til Ekte geitost

Gro i full gang med ysting. Foto: Ingebjørg Bø, TA

Gro i ysteriet. Foto: © Dag Jensen/Dyrskun

Gro og Anette pakkar geitost. Foto: © Dag Jensen/Dyrskun

Ferdig pakka. Foto: Ingebjørg Bø, TA