Ysteriet starta upp i 2009 på geitegarden, Raundalen, i Vinje kommune. Denne geitegarden hadde tilhøyrande fjellommråde, og om sommaren flyt difor geitane opp til støylen, Nedre Lega (teikninga over). Lega kjem frå ordet, ei lege, altså ein lun og frodig stad som dyr og menneskje ofte søkjer ly i.
Her på 930 meters høgd over havet er er det saftig og godt fjellbeite. Støylsdrift har det vore lenge på Lega, truleg i fleire hundre år. På 1800-talet var det folk frå dei midtre Telemarksbygdene, som var eigarar av beitet, og drog dit opp med krøtera sine sommarstid. Lega ligg fritt og solrikt til opp mot Skinnuten og Solbjørfjellet. Utsynet mot fjella ikring er storfelt, med den ruvande Vehuskjeringi som eit kjenneleg landemerke i vest. Her inne finn ein og den gamle støylsgrenda Brannkvålen, rik på segner og folkeminne.
Med hjarte til geita
Geita er vårt utgangspunkt i alt me driv med. Me ystar harde, prisvinnande ostar med naturskorpe på geitemjølk og kumjølk. Me brukar myse (restavfall frå ystinga som er kjempegodt) i det meste som blir baka, og geitemjølk i dei gode kanelsnurrane.
Gründeren, Gro
Gro er gründeren og ildsjela på Lega. Ho starta upp ysteriet året 2009 på garden, Raundalen. Bakeriet kom som eit resultat av «dautid» ved kokinga til bronosten. Prosessen med bronosten tek fleire timar, og dette hadde ikkje gründeren, Gro, tid til å vente på. Som eit resultat blei den takkestekte pizzabotn frå Lega oppfunne i bakeriet.
Lega i dag
Lega er no eit ysteri og bakeri med kafe og butikkutsal på Rauland i Vinje kommune. Her får du tak i Lega sine produkt og andre lokalmatprodusentar sine.
No har altså ysteriet og bakeriet vokst ut av dei opprinnelege lokala. Son av Gro har tatt over geitegarden, men det er framleis frå denne garden me får mjølk. Tine leverar mjølk til oss tre dagar i veka. Ein av dagane kjem kumjølk til den kvite lagra kumjølksosten vår, Heimros.
Lega har sju faste arbeidsplassar, men over 10 årsverk rekna med alle ekstratilsette som arbeider i kafeen. Ungdommar i alderen 14-30 år arbeider her hos oss. Dei ekstratilsette som arbeider her er enten skuleungdom på ungdomsskulen, studentar på vidaregående som kjem heim i feriar, og studentar frå Universitetet her på Rauland. Så mange som 25 ekstra er på lista for at kveldar, helger og feriar skal gå upp. Lega ønskjer å vera ein kompetansehevende stad og har difor hyppige kurs innan ysting, kaffe med meir. Det er kjempeviktig for Lega å vera ein trygg, inkluderande og framsynsretta arbeidstad.
I bygget er det ein butikk- og kafedel som sel pizza, brød, bakevarer og mange andre gode varer frå Lega og andre. Pizzaomnen er hjertet på Lega og gjev ein ekstra god smak på alle produkt som du kan nyte her eller ta med deg heim. Geitekjøttdeig og geitost blir bruka på pizzaen, og alt er håndlaga av oss, eller bestilt frå andre små produsentar som oss. Me er opptatt av kvalitet i alle ledd og ønskjer å påpeke at me har henta inn dei beste av dei beste varene som me meiner er i Noreg.
Prisvinnande produkt
Ostane til Lega har mellom anna vunne ein supergull-, ein gull- og ein syldiplom i World Cheese Awards. Stavsfjell, Heimros og Knubbost kan minne om ostetyper som Manchego, Parmesan, Peccorino, Feta, lagra Gouda med fleire.
Kom innom på ein pizza og kaffe i kafeen vår!