Bronosten frå Lega er laga etter gamal tradisjon frå Vinje.
Ostane blir produsera på fersk geitemjølk.
Prim og bronosten er spesielt kjend for sin ljose farge og milde smak.
Prim frå Lega er laga etter gamal tradisjon og produsera på fersk geitemjølk. Denne primen er spesielt kjend for sin mjuke nostalgiske konsistens, ljose farge og mild smak.
Kvitostane frå Lega har naturskorpe.
Dei blir laga på geit eller kumjølk og dei er balansera i smaken.
Kvitostane er lagra frå 3 til 12 månadar.
Stavsfjell lagra i 3 månadar er ein mild, fast kvitost laga på geitemjølk. Den er pasteurisert og har naturskorpe. Fleire samanliknar denne med ein manchego i smaken.
Stavsfjell er vår prisbelønte geitost som har fått gull og supergull i World Cheese Awards.
Når den er lagra i 6 månadar får den meir blomstrete smak og krystallar i seg.
Når den er lagra i 12 månadar eller meir liknar den på parmesan og er heilt nydeleg som snacks eller på pastaen.
Me finn stadig nye metodar og oppskrifter. Til dømes så har me variantar av feta, halloumi, mjuk kvit muggost, kremost og blåmuggost.
Kuostane våre heiter Heimros og Juring. Heimros blir laga med naturskorpe slik som Stavsfjell, mens Juring er fersk fastost voksa i eit gult hjarte.
Alle ostane på lageret blir vaska to gonger i veka. Det er over 1000 ostar!
Deretter blir alle ostane sjekka og pakka i bit før dei blir selt ut til deg som sluttbrukar.
Pizzabotn frå Lega har blitt ein bestselgar!
På mindre enn 15 minutt har du ein ferdig stekt pizza.
Pizzabotn er ferdig stekt på takke før den tørkes. Den har ein haldbarheit på 8 månadar i romtemperatur.
I tillegg til pizzabotn lagar Lega brau (flatbrød), kling (lefser) og anna takkebakst på bestilling. Spesielt rett før jol er det veldig travelt rundt desse varme takkene.
I kafeen vår har me ferske brød og kanelsnurrar hvar dag.
Sjekk gjerne ut andre rettar på menyen også.
Håpar du, som oss, har eit like stort hjarte for lokalmat på gode råvarer.