Kremost, er ein mjuk smørbar ferskost frå LEGA. Denne er laga på geitemjølk. Leverast i beger med 250 gram. Kremosten held seg under ei veke etter opning.

Lega er eit ysteri og bakeri med kafe og butikkutsal på Rauland i Vinje kommune. Her får du tak i Lega sine produkt og andre lokalmatprodusentar sine. Lega ligg rett ved fine tur- og skiområde i sentrum. Kom innom på ein pizza og kaffe i kafeen vår!