LEGA
  • FRAMSIDA
  • PRODUKT
    • FRÅ GARDSYSTERIET
      • Ekte Geitost
      • Ekte prim
      • Stavsfjell Kvit Geitost
      • Heimros
      • Knubbost
      • Vehus Kvit muggost
      • Kremost
      • Andre meieriprodukt
    • FRÅ GARDSBAKERIET
      • Pizzabotn
      • Knekkebrød
      • Brau
      • Kling
    • FRÅ RAUNDALEN
      • Kjekjøt
  • LEGA
    • Om LEGA
    • Støylen LEGA
    • Raundalen
    • Utsalstader
    • Nyhende arkiv
    • Oppskrifter
    • Lenkjer
    • LEGA på Facebook
    • LEGA på YouTube
  • KONTAKT
  • Søk
  • Menu

Om LEGA

Gro i ysteriet. Foto: © Dag Jensen/Dyrskun

Gro i ysteriet. Foto: © Dag Jensen/Dyrskun

Heilt sidan eg i 1989 byrja som geitebonde har draumen om å produsere eigen ost på garden vore eit mål. Sommaren 2009 bygde me ystehus på støylen Nedre Lega. Her vart den fyrste osten produsera. Våren 2010 stod også ystehus ferdig her heime på garden Raundalen. Dette var før ein dobbel garasje som er bygd om til eit tidsmessig gardsysteri. Det har lukkast å få tak i eigna ysteustyr til produksjonen. Eg har gått på fleire kurs og vitja bønder i både inn- og utland for å lære korleis ein går fram for å produsere kvalitets-ost. Mellom anna har eg vore student på matstudiet til Bodil Nordjore på høgskulen i Rauland der eg valde ost som prosjekt på studiet. Dette kombinera med kunnskap frå lokale tradisjonsberarar gjer at eg er komen fram til ein ekte geitost med jamn og god kvalitet.

Frå januar 2014 har sonen vår Olav overtekje som ny eigar av garden. Han vil satse vidare med geit og osteproduksjon. Eg vil sjølv framleis vera aktiv med i drift og produksjon.

Besetninga tel omlag 230 mjølkegeit og 50 kje. Årleg gjev dette ein produksjon på omlag 160 000 liter mjølk. Av dette leverar eg om lag 120 000 liter til TINE og 40 000 til eigen produksjon.
Me flyttar til støylen 20. juni og er tilbake 20. september. Geiteparinga skjer i august. Frå kjeinga startar i byrjinga av januar og ut året vert det laga kvitost som lagrast. Produksjon av brunost tek til utover våren og held fram ut oktober. Bakst kjevlar me heile året.

Nye generasjonar på LEGA: Anette med sonen Håvard. Foto: © Dag Jensen/Dyrskun
Budeiune på LEGA: Gro, Anette med Håvard, Mikki og Anna. Foto: © Dag Jensen/Dyrskun
Gro i full gang med ysting. Foto: Ingebjørg Bø, TA
Gro i full gang med ysting. Foto: Ingebjørg Bø, TA
Gro og Anette pakkar geitost. Foto: © Dag Jensen/Dyrskun
Ferdig pakka. Foto: Ingebjørg Bø, TA
Ferdig pakka. Foto: Ingebjørg Bø, TA
Gro i ostelageret. Foto: © Dag Jensen/Dyrskun
Geitar på Raundalen
LEGA er medlem av Bondens marked. Her ser me Birgith, Mikkel og Vilde som standbetjening i Kragerø
LEGA er medlem av Bondens marked. Her ser me Birgith, Mikkel og Vilde som standbetjening i Kragerø

This message is only visible to admins.

Problem displaying Facebook posts.
Click to show error

Error: Server configuration issue

KONTAKT

LEGA
Fiskestigen 1022
3890 Vinje

Tlf: +47 402 90 160
gro@lega.no

FRÅ GARDSYSTERIET

  • Ekte Geitost
  • Ekte prim
  • Stavsfjell Kvit Geitost
  • Heimros
  • Knubbost
  • Vehus Kvit muggost
  • Kremost
  • Andre meieriprodukt

FRÅ GARDSBAKERIET

  • Pizzabotn
  • Knekkebrød
  • Brau
  • Kling

UTSALSTADER

Vestfold og Telemark
Viken
Oslo
Innlandet
Agder
Vestland
Møre og Romsdal
Trøndelag
Nordland
Svalbard

© 2021 LEGA
  • Facebook
Scroll to top