Historie
Geitosten eg produserar er ein lokal variant frå Øyfjell. Eg har lært å lage osten av Agnes Trovatn som har lært av svigerinna si, Imma Trovatn på Brekke i Øyfjell. Imma hadde ystekunnskapen frå mor si att, Aslaug Mo, fødd Brekke. Det er moro å kunna tilby ein ost som har ei så lokal soge. I Øyfjell skal brunosten frå geit vere ljos og feit, men mild på smak. Etter mykje prøving og feiling har eg greidd å få det til.