Lag kjempegod italiensk pizza

Lag kjempegod italiensk pizza – utan steinovn!

Slik gjer du:
Hald pizzabotnen under rennande vatn og fukt begge sider, rist av overskytande vatn, og legg den på ei steikeplate med bakepapir. Dekk botnen med det du ønskjer, og steik pizzaen på ca 200 grader C til osten er smelta eller litt brun.

Eit eksempel på fyll:
Tomatpuré, spekeskinke, ruccola, litt blåskimmelost og riven gulost eller mozarella. Steik som anvist.

Ein annleis, men god pizza:
Dekk botnen med crème fraîche
(ca 3–4 ss). Legg på skiver av røykelaks
(ca 50 gr), strø kapers og riven
mozarella over. Steik som anvist.

Smakleg måltid!